No ser Phakapun fram til å servera god thaimat i Uskedalen.

Det er ei dame med solid bakgrunn som vi møter i thaimat-vogna ved Gamleskulen. Phakapun Kvittingen kan visa til både bachelor-, mastergrad før ho oppnådde doktorgrad innan for temaet “Utvikling av menneskelege ressursar” frå Ramkhamhaeng University i Thailand. Alt er godkjent og likestilt med tilsvarande grader i Norge av Nokut.
Frå 2004 til 2020 underviste ho ved same universitet. Her var ho del av eit utvekslingsprogram som førte ho til mange land saman med studentane ho underviste. Slik kom ho til Norge første gang for 10 år sidan.
På bildet over ser vi eigarane av Phaka’s Thai Mat Asle og Phakapun Kvittingen t.v. saman med dotter og svigerson til Phakapun.

Frå opningsdagen då regnet hølja ned, men likevel var smila på plass. Dottera Siriporn Sukhakate(Pan) og svigerson Slaw Kalota, opphaveleg frå Polen, men busett i England, kom frå henholdsvis Thailand og England for å hjelpa til med opninga. Turen går vidare for å besøkja familien hans i Polen.

Det var også i samband med ein slik tur at ho møtte Asle Kvittengen som ho no er gift med. Ho fortel at ho underviste i ulike fag, men nemner spesielt klesdesign og dekorasjon. Etter at ho flytta til Noreg blei det heilt andre jobbar. Ho har jobba som reinhaldar fleire stader, ho var på Utne hotell sommarsesongen i fjor og ho har siste tida jobba hos Nordic Lunsj AS, avd. Bergen, som leverer lunsjpakkar, smørbrød, baguettar, salatar, burrito og liknande.

Eit svært spesielt oppdrag har Phakapun hatt etter ho flytta til Norge. Ho hadde eit engasjement frå universitetet ho jobba ved, der ho studerte norsk kultur med hovudvekt på bunader. I samband med det var ho på Pachob Systove i Jondal for å læra å sy Hardangerbunad. Dette resulterte i ei bok som no er å få kjøpt i Thailand.

Phakapun har studert norsk kultur med hovudvekt på bunader og har gjeve ut bok om det. Sommarsesongen i fjor jobba ho på Utne Hotel.

Det er Phakapun som skal vera den som står for drifta av thaivogna, det nye namnet er Phaka’ s Thai Mat. Asle har fast jobb, og han vil halda fram i den. I tillegg vil han hjelpa til i helgar og feriar.
Phakapun seier at ho likar den fred og ro som ho opplever her i Norge med den vakre naturen. Dette får ho forhåpentlegvis nyta innimellom travle økter på den nye arbeidsplassen sin.

Starten har vore god, og det er travelt på dei som jobba der. Då eg var nedom var 5 i full sving i kjøkkenvogna. Sidan det er oppstart og ekstra travelt no i påska, har dei gjort eit godt grep. Dei har begrensa menyen noko desse dagane, men det er likevel rikeleg å velja i. Dermed blir det kortare ventetid. Det er likevel lurt å ringja på førehand og bestilla. Telefonnummeret er 482 94 940.

Ei god praktisk løysing er at dei har begrensa menyen dei travle opningsdagane. Det er likevel plenty av gode rettar å velja mellom.

Alle dagane fram til og med 2.påskedag er opningstida frå kl.14 til 20.

Tekst, foto og nett:  Thor Inge Døssland.