Fredag 1. desember og vi er klar for tenning av den flotte julegrana i Uskedalen. Sjølve tenninga er kl. 17.00, men ein time før er det ope i Helgheim og i Gamleskulen for standar, sal og program. I kyrkja er det Open mikrofon og Singing Tweens står fram med song.. Les meir om programmet under:

Frå kl. 16.00: Ulike aktivitetar

  • Kl. 17.30: Singing Tweens held konsert i kyrkja – open mikrofon
  • Uskedal Musikklag spelar juletonar
  • Uskedal ungdomslag sel julegraut i Helgheim – kjellaren
  • Russen sel kaffi og kaker i Gamleskulen

Kl. 17.00: Vi tel ned og Julegrana vert tend – Børsdalsnissen kjem med noko godt til borna

Julemesse med desse standane:

  • Hjønnevåg – fiskeprodukt
  • Friheim Gardsmat – kjøttprodukt
  • Laga på Holmen – tekstil
  • Kjellaug Hella – haringekaker
  • Marit Grønstøl – strikke- og syprodukt
  • Gaute Haugland – kreative produkt
  • Belno Sukkerfe – sjokolade og cupcakes
  • Mayesha Samiha – hennamaling frå heimelandet hennar Bengladesh
  • Eik Gard – honning og eplemost
  • Uskedal historielag sel Årbok 1 og 2 – Uskedalen den nære fortida
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto