Komande laurdag, laurdag 16. oktober, er det Haustdag i Uskedalen med ulike aktivitetar og kulturelle innslag. I Gamleskulen vert det Bruktmarked med Liv Astrid Myhre som primus motor. Dersom du har noko du vil selja, tek du kontakt med Liv Astrid på mobil: 990 42 327. Du avgjer sjølv varesortement og pris. Les meir korleis dette er organisert:

  • Alle vert tildelt ein stand – eit bord som du disponerer til dine varer. Anna utstyr som t.d. klesstativ tek du med sjølv.
  • Aktuelle varer kan vera: Klær/sko, sportsutstyr, interiør, handverk, bøker, pynteting, krus og koppar osv.
  • Markedet tek til kl. 10.00. Du legg inn pausar sjølv og evt. kor lenge du vil vera.
  • Kostnad: kr. 100,- pr. stand. Inntekta går til Uskedal Utvikling.
  • Fleire kan gå saman om å dela bord.
  • Viss de merker varene med pris og vippsnummer, ordnar det meste seg sjølv.
  • Det vert sal av kaffi og kaker

Meir informasjon med detaljprogram om haustdagen kjem i eigne innlegg.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto