For ei tid sidan hadde styret i Uskedal Musikklag eit «opprop» som innlegg på uskedalen.no. Det hadde overskrifta: USKEDAL MUSIKKLAG OG FRAMTIDA. Du finn det ved å gå tilbake på uskedalen.no. Etter dette har musikklaget spela på 17. mai, og sundag 2/6 hadde vi den 2. samarbeidskonserten saman med B-gjengen i Rosendal Musikklag no i vår, – denne gong i Helgheim i Uskedalen. Alle opplevde dette som ei god stund for bygdefolket, og det vanka mange godord etterpå. Det er godt å føla at Uskedal Musikklag med dette kan ha vore med på å setja «prikken over i’en» denne dagen. Vi ønskjer sterkt at Uskedal Musikklag skal kunna vera med på det også i framtida.

Den aldrande gjengen har vore svært aktive dei seinare åra. Eit
stort lyspunkt er det at dei siste tida har fått nokre nye musikantar, som respons på oppropet på uskedalen.no.


MEN: LAGET TRENG NYE SPELANDE MEDLEMAR OG ANDRE HJELPARAR. Dersom ein maktar det, vert det planlagt ny konsert til hausten. Denne gong
kanskje åleine, og kanskje med tema HYMNAR, MARSJAR og ANNAN
SVINGANDE, LETT UNDERHALDNINGSMUSIKK som er svært
publikumsvenleg musikk.


For å gå framtida lysare i møte, MÅ laget ha med fleire spelande medlemar. Det er avgjerande for framtida. Med få medlemer er ein ofte sårbare. Ofte må ein sei nei til oppdrag. Berre i juni måtte musikklaget avlysa 4 spelingar pga at ein musikar på sentral stemme var forhindra. Synd for arrangørane, og lite kjekt for korpset.


Laget oppmodar difor alle våre sambygdingar om innsats for framtida til Uskedal Musikklag. Dersom du har spelt messinginstrument tidlegare; KOM OG BLI MED!. Og du som ikkje har spelt det frå før, kan læra. Og vi oppmodar ALLE om å oppmuntra og motivera dei som kunne ha vore med, til å ta steget. NO! Ingen vil angra på det seinare.


Medlemene oppmodar alle, som er interessert i Uskedal Musikklag si framtid, om å delta i eit fora med U.M. som einaste tema, på Kafe Tiaren (Gamleskulen) tysdag 27. august.

Eit skriv som eit opprop vert lagt i alle postkassane i Uskedalen i denne veka.


Altså: KAFE TIAREN TYSDAG 27/8 KL. 19:00

Tekst: Uskedal Musikklag
Foto/nett: Kristian Bringedal