Sigrunn og Egil Ersland kom i går heim frå trebåtfestivalen i Norheimsund med heidersprisen tildelt SY ÆGIR i klassen skøyter. Det er 6. gongen dei er med på den tradisjonelle trebåtsamlinga i Norheimesund, som så langt har vorte skipa til i 22 år. Sigrunn og Egil med Collin Archer skøyta ÆGIR vert kvart år inviterte til Nordheimsund. Dei får ei sentral og synleg plassering i hamna like ved scenen og publikumsplassen. Tildelinga av heidersprisen i fire ulike klassar vert gjort med bakgrunn i ei grundig vurdering av ein fagjury på tre personar. Vurderinga handlar om arbeidet med handverket som er lagt ned med bygging og evt. restaurering. Juryen brukar lang tid på kvar båt og sjekkar alt frå den minste detalj til innredning, rigg og tekniske løysingar Galeas GURINE vart tildelt pris i klassen Større farty.

Sigrunn og Egil Ersland ombord i SY ÆGIR.


SY ÆGIR er 40 fot og er rigga med Bermudarigg, ikkje gaffelrigg. Det gjer at det er enklare å segla skuta med lite mannskap. Fartyet seglar godt. Det står ein 6 sylindra Perkins 115 HK i ÆGIR som gir ein marsjfart på 7
knop.

SY ÆGIR sentralt plassert i båthamna på Trebåtfestivalen.

Å eiga og drifta ei farty som dette er eit livsverk. Det heile starta i 1985 med å gå på skogen å finna høveleg materiale. Oppspantinga tok til i 1990 og fartyet var klar for sjøsetjing i 1996. Dei fyrste åra vart ÆGIR brukt som motorskøyte utan rigg. Alt innredningsarbeid har Egil gjort sjølv. Det gjeld også arbeidet med bysso, listing, dører, skåp og elles mange detaljar som gjer skuta til eit smykke ut- og innvending. Sigrunn har mellom anna stått for syning av puter og elles alt arbeidet med tekstil. Det er montert truster (baugpropell) og moderne navigasjonsutstyr.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal