David og Marcia Reinert bur i ein liten by nord i Arkansas som heiter Mountain Home. Dei kom til Uskedalen for å oppleva 17. mai og treffa etterkomarar som er i slekt med David. Tipp-tipp-oldeforeldra hans var Torkel Knutsson Sunde og Anan Jensdotter Bjelland. Av borna var det to søner, Jens og Knut. Jens vart gift med Engel Eik og dei fekk halve garden som vart kalla Eikjeholo. Knut vart gift med Anna Olsdotter Røssland. Han fall frå tidleg, og Anna og dei 6 borna reiste då til Amerika. David er etterkomar av Knut Knutsson Sunde som var ein av dei 6 gutane som emigrerte.

Bruk nr. 3 på Eik. gardsbruket Jens Torkelsson Sunde g.m. Engel Eik bygsla i 1853.


Av etterkomarane til Jens Torkelsson Sunde, var det 5 som var til stades og møtte David og Marcia. Det var Eli Roseth Eik, Knut Steinsletten, Wenche Stensletten Nummedal, Kristin Skromme og Torkel Stensletten. ( Sjå bilete ). Desse er femmenniingane til David. Svein Sunde, som fekk i stand samlinga, er òg i same slekta. Hans slektsgrein kjem frå generasjonen før Torkel Knutsson Sunde.

.David og Marcia Reinert saman med slekta i Uskedalen på den gamle tufta Eikjeholo.

David og kona kom til Noreg i fjor, leita etter slekta og spurde seg føre. Det var heilt tilfeldig at dei møtte Svein då dei var på Sunde. Han kunne hjelpa dei og dermed var kontakten oppretta. Dei var til stades ved feiringa i Uskedalen i dag og fekk helsa på fleire, mellom anna Bjørgulv som no er eigar av garden som Eikjeholo vart utskilt frå.


David og Marcia let vel om at dei allereie har hatt større utbyte av turen enn dei såg føre seg. Når dei reiser frå Noreg på fredag går turen til England der dei vil sjå den eldste grava til slekningar som enno er å finna. Den er frå 1500-talet. Som vi skjønar, er David svært interessert i slektsgransking.

Tekst: Torkel Stensletten
Foto: Svein Sunde/ Flyfoto Fjellanger Wiederøe 1950 talet
Nett: Kristian Bringedal