Klubbkveld i Uskedal Idrettslag
Uskedal Idrettslag inviterer både nye og gamle medlemmar til klubbkveld!
�� Fredag 24. april
�� Kl. 19.00
�� Kjellaren på Gamleskulen
I dag er det nokre få eldsjeler som står for drift og aktivitet i UIL. No ønskjer vi fleire med på laget. Vi bur i ei flott bygd med store moglegheiter, mange dyktige folk og mykje engasjement – og med nettopp ditt bidrag kan vi få til endå meir for born, unge og vaksne i Uskedalen.
På klubbkvelden vil vi:
fortelje kva UIL driv med i dag
dele tankar og planar for framtida
snakke om ulike måtar ein kan bidra på – stort eller smått
Du treng ikkje ha erfaring frå før for å engasjere deg, berre eit ønske om å ta vare på idrettslaget i bygda.
Kom og høyr, sei meininga di og bli med å forme framtida til UILFor vi er vel alle einige om at Uskedalen skal ha eit levande idrettslag også i framtida?
Pizza, brus og snacks
Alle er velkomne
Påmelding til Veslemøy 41296390 og Solveig 47266929
Tekst/foto: Uskedal Idrettslag Nety: Kristian Bringedal