Det siste halvtanna året har Seniorgruppa hatt to hovudprosjekt:  Gapahukar på Klepp og på Flåtene.  Andre oppgåver – førefallande arbeid på Heio, Stemneplassen, Fjelly – har vel teke rundt ein tredel av den totale dugnadstida. På bildet over ser vi to ivrige medlemmer i gruppa, Tore Nordal Pedersen og Pål Haugland, i og ved gapahuken på Klepp.

Dugnadsgjengen samla på Stemneplassen der dei har gjort ein stor og viktig jobb.

Nokre av oss tok ein tur til Kvam for å sjå på liknande tiltak som var gjort der våren 2019.  Deretter byrja planlegging og synfaring på stadene.  Plassering og dimensjon vart vurdert, og kva for ambisjonar ein skulle leggja inn på kvar einskilt stad. 

Prosjektet på Flåtene er under omtale for tida, så i det fylgjande vil me berre gje ei oppsummering av prosjektet på Klepp.

Dei berande konstruksjonane til båe gapahukane vart påbyrja hausten same året.   Me felte høvelege furuemne som vart borka og grovtillaga gjennom vinteren før framkøyring og fintilpassing på staden.  

Utpå våren (2020) byrja arbeidet med rydding av områda og klargjering for å kunna setja opp gapahukane.  Me byrja snikkararbeidet fyrst på Flåtene, men 15.10. sto også gapahuken på Klepp vinterklar, med torv på taket (viktig, så ikkje vinden skulle fara med han).  29.04.2021 var det fullt køyr med gapahuken att, og 27.05. vart siste hand lagt i denne omgongen, med skilting under vegs både frå Halsane og frå Pålavegen.  Skilta har me beisa, og Kvinnherad Vekstbedrift har gjort ein stor jobb med å svi inn namn.  Me skuldar dei stor takk!

Dugnadsgruppa har fått laga og sett opp ca. 30 tur- og namneskilt. Her ser vi Jostein Grov og Knut Steinsletten ved Kjeldhaug-skiltet.
Lars Myklebust og Knut Steinsletten ved Skisteinen.

Me skuldar og stor takk til ein del personar i dugnadsgjengen, som har lagt ekstra sjel i oppgåvene, og som har gjort ekstra innsats utanom dei faste torsdagane, der me vanlegvis samlast.

Sparebankstiftinga har vore rause med finansieringsløyvingar gjennom Uskedal Utvikling – også dei lyt ha ein stor takk.

– Og ein takk til kvar og ein i Seniorgruppa, for at me har det så kjekt i lag!

Mange i gang med å sikra ved til ungdomslagshytta Fjelly.
Her er veden kommen i sekker. Dugnadsgruppa har også bidrege med noko hjelp på lageret som er komme på baksida av Fjelly.
Tekst: Svein Rimestad 
Foto: Lars Myklebust
Nett: Thor Inge Døssland