Klatrehelga som Bergen Klatreklubb skulle arrangert denne helga, frå fredag til søndag, måtte dessverre avlysast. På grunn av vermeldingane måtte arrangørane ta denne avgjerda på torsdag. Bergen Klatreklubb og medlemmene deira nyttar seg mykje av klatrerutene i veggen av Ulvanåso som dei karakteriserer som ein av landets beste storvegger. Denne samlinga skulle vore for klatrarar med erfaring, og dei skulle hatt base på Rabben Feriesenter med m.a. fellesmåltid der.
Dessverre gjorde veret at dei måtte avlysa denne gongen.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Skjermdump frå facebook-sida til Bergen Klatreklubb