I morgon ligg alt til rette for ein ekstra triveleg dag i og rundt den gode butikken vår på Sanden. Då inviterer Gunn Mari, Kjersti og resten av betjeninga til haustmarknad med utstillarar som kjem med spennande utvalg i bodene sine. Mange av utstillarane frå i fjor er på plass. Det gjeld m.a. Eik Gard (bildet over). I tillegg blir det musikk og song ved Atle Fredheim, og eg tar ikkje for hardt i når eg utnemner Atle til ein av Kvinnherads fremste trubadurar! Einaste usikkerhetsmomentet er veret, men her har arrangørane ein god plan B som sikrar ein triveleg handledag uansett sol eller regnbyger. SPAR har ekstra gode laurdagstilbod, og dessutan spanderer dei røra til lappane som Uskedal helselag serverer gratis til gjestene.

Sindre Aksnes med dei flotte trearbeida er ny på utstillingsfronten i år.

På marknaden vil de treffa på desse standane:

  • Sindre Aksnes med flotte trearbeid
  • Rødsten Bilforretning AS
  • Kjellaug Hella Myklebust med sine velkjende krotakaker
  • Stabburet, Gardsbutikken på Josnes.
  • Friheim gardsmat
  • Gina og Laga på Holmen med flotte syprodukt
  • Eik Gard med honning og god eplemost
  • Uskedal Historielag tar mot bilde og tips til framtidige bøker og førehandsel første boka.
Friheim Gardsmat er på plass i år og med godsakene sine.
Rødsten Bilforretning AS er tilbake dette året og.

Det skjer fleire ting i Uskedalen denne lørdagen. THK-stiftinga samlar inn klede til hjelp i Ukraina. Det passar godt å kombinera dette med ein tur på marknaden.

Velkomne til ein triveleg lørdag i Uskedalen!

Tekst, arkivfoto og nett: Thor Inge Døssland