Møt opp torsdagane 24. og 31. august kl.15-18.

I dag har Lars Næs og Bente Høyland (bildet) vore og gjort klart “stemmelokalet” på SPAR Uskedalen. I morgon, 24. august, er det klart for første runde med røysting til kommune- og fylkesvalg her i Uskedalen. Det blir ein ny mulighet til å stemma her i bygda neste torsdag til same tid, kl.15-18. Med denne gode ordninga bør uskedelingane gå mann og kvinne av huse for å gje stemmene sine. Viss nokon ikkje har høve til å røysta desse to torsdagane, har ein mulighet til å stemma på dei faste plassene for førehandsrøysting og sjølvsagt i dei faste stemmelokala på valgdagen.
Det er også lagt opp til ambulerande røysting for dei som ikkje kan røysta på grunn av sjukdom eller uførleik. Dette er noko ein må melda frå om til valadministrasjonen innan torsdag 7. september kl. 15.00.

Bruk stemmeretten din! Det er lurt å gjera det på SPAR når “stemmelokalet” kjem til deg!

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland.