Minnelund på gravplassen ved Husnes kyrkje og Kvinnherad kyrkje er på plass. Etter Eid kyrkje, som vil få sin minnelund i vårhalvåret, er Uskedalen og Holmedal dei neste på lista. Søknad om godkjenning, for det som vert kalla namna minnelund, er sendt til Statsforvaltaren. Plassen er peika ut ( sjå bilete ) og minnelunden vert som eit hellelagt område på om lag 4 x 4 meter.

Ein minnelund i Uskedalen vert utforma med eit minnesmerke i naturstein frå nærområde. Det kjem ljos, blomehaldar i smijern og ein benk til å sitja på. Sjølve minnesmerke vil ha ei breidde på om lag 1 meter og høgde på 1,7 meter. Det kjem ein sokkel ut frå alle sider av steinen der pårørande kan setja frå seg blomr og ljos.

Minnelunden vil ha plass til 45 minneplater med eit eller to namn på. I tilknyting til minnelunden vert det regulert inn eit felt til urnegraver.

Tidsplanen er at Uskedalen kan få sin minnelund ein gong på hausten i år.

Tekst/foto: Redigert frå saksutgreiinga og søknad til Statsforvaltaren
Nett: Kristian Bringedal