Klargjering til julegrantenning på fredag.
For 61. gong er julegrana i Uskedalen pynta og klar for tenning komande fredag. Første gongen var i 1963. På bilete ser du f.v. Ståle Eik, Knut Steinsletten og Lars Myklebust. Thor Inge Døssland var også med på klargjeringa fram til tenninga på fredag. Dei tre erfarne pyntarane har saman med andre vore med sidan utpå 1970 talet, med andre ord snart 50 gonger. Dei to som klyv i toppen, er 74 og mest 80 år. I tillegg til sjølve monteringa har dei gjennom åra gjort ein stor jobb med tilyn og vedlikehald, ofte i dårleg ver der ein må skifta ut pærer og justera på dei sju lekkjene. Sjå fram til fredag kl. 17.00. Då skin den vakre julegrana for 61. gong.
Tekst: Thor Inge Døssland/ Kristian Bringedal Foto: Thor Inge Døssland Nett: Kristian Bringedal