Arbeidet med klargjering for asfaltlegging frå Herøysundet til Uskedalen er i full gang. Nøyaktig distanse er vel 3,8 km, frå Vågen til Arnesen si løe innom busstoppen, nedom Halsabrotet. Det er det som kjem fram i Fylkeskommunen sitt asfaltprogam for 2023. Det er starta asfaltfresing og elles alt førebuande arbeid før asfalteringa tek til straks etter. Arbeidet vil pågå ut neste veke. I denne perioden er det manuell dirigering og bruk av ledebil på strekninga Uskedal bru til Børneset. Seinare vert det same løysinga frå brua og inn mot Kleivadalen. Trafikken til og frå dalen er ein del av denne dirigeringa. Oppdragsgjever er Fylkeskommunen. Utførande entreprenør er NCC. Det er leigd inn lastebilar, mellom anna frå Musland Maskin. Asfalten vert levert med båt frå Tau i Rogaland.

Det er manuell dirigering og bruk av ledebil frå Uskedal bru til Børneset.
Yekst/foto/nett: Kristian Bringedal