Torsdag var det avslutningsfest for dei 17 sjuandeklassingane på Uskedal skule. Fredag var aller siste dagen deira på barneskulen. Då uskedalen.no besøkte dei, kosa dei seg med grilling, leik i leikeapparata og kjekk prat rundt borda. Foreldrerepresentant Ann Kristin Olsen styrte grillen medan kontaktlærar Åse M. Neset og Hildegunn Klette Hansen hjelpte til. Stemningen var svært god i flokken. Rektor Odd Steinar Arnesen hadde seg ei runde og prata litt med elevane, og overfor oss gav han uttrykk for at det var ein veldig kjekk gjeng dei no sender over i ungdomsskulen.

Då eg kom til skuleområdet, sat desse elevane i koseleg prat rundt bordet.

Uskedalen.no nytta mulighet til å snakka med 5 elevar(på bildet øverst) om overgangen frå barneskulen til ungdomsskulen. Var dei spente på kva som venta dei? Kva gledde dei seg til? Og var det spesielle ting dei hugsa frå dei 7 åra på Uskedalen skule? Det var kjekt å høyre kva dei 5 tenkte, og det verka som om dei var klare for skuleskifte sjølv om det alltid er litt usikkerhet når dei skal prøva noko nytt.

Isak har mange interesser, men er spesielt interessert i fotball, og ikkje overraskande er favorittlaga Liverpool og Brann. Han gler seg til å treffa nye folk og lærarar på ungdomsskulen. Han er ikkje så spent på kva som ventar han der, for han har fått vita ein del om det når han har hatt eldre søsken som har gått der. Når vi spør om det er spesielle ting han hugsar frå barneskulen, kjem svaret kontant: Åse og turar. Han grunngir det med at Åse er veldig flink, og at dei har gjort masse gøy med ho. Dei mange turane kvar veke har han likt veldig godt.

Som Isak er Jeanette, som bur i Ospelunden, fotball-interessert. Ho spelar sjølv fotball og er Liverpool-fan. Ho er naturleg nok spent på korleis det er å få karakterar på ungdomsskulen. Det blir nytt, og elles lurer ho på om mykje blir forskjellig. Ho gler seg til å treffa dei andre. Nokre kjenner ho frå før, blant anna sidan ho speler fotball i Rosendal. Ho tenkjer seg godt om for å komma på noko spesielt ho hugsar frå barneskulen, men seier at av faga har ho likt mat og helse spesielt godt.

Jonas bur på Feet, og han fortel at han likar sykling veldig godt. Ikkje overraskande er det at han er svært interessert i lastebilar og andre kjøretøy. Som Jeanette, er også Jonas spent på dette med karakterar. Han er også spent på møtet med nye folk, – både klassekameratar og lærarar. Samtidig gler han seg til å byta skule for å prøva noko nytt. Frå barneskuletida seier han at han vil hugsa folko og lærarane etter å ha tenkt seg litt om.

Elvira som bur i Kleivadalen fortel at ho er svært glad i hestar og ridning. Ho har ikkje eigen hest, men ho gler seg veldig til mandag, tirsdag og onsdag. Allereie då skal ho nemleg på riding i Rosendal. På ungdomsskulen gler ho seg til å treffa nye folk, og så er ho litt spent på prøvar, for ho syns dei verkar litt skumle. På spørsmål om kva ho spesielt vil hugsa frå barneskulen, er svaret Åse og Hildegunn fordi det er dei som har hjelpt dei til å klara og læra ting.

Siste mann ut i samtalerunden er Viljar som bur på Feet. Han er spesielt interessert i springing og fiske. Det passar godt for då kan han trena med bestefar, og så er han grunneigar og nær nabo til Uskedalselva. Han ser fram til å koma saman med nye folk på ungdomsskulen og bli kjent med dei. Han fortel at han kjenner ikkje dei som kjem frå andre bygder. På barneskulen har han likt gym og turar godt, og han syns det har vore kjekke og greie lærarar.

Elevane var innom grillhytta med jamne mellomrom og fekk seg grillmat og brus. (Foto:Torger Johan Koløy)

Etter å ha snakka med dei 5 hyggelege ungdommane, har eg inntrykk av at no er det tida for dei å ta steget vidare. For meg var det ei kjekk stund saman med dei nede på skuleområdet. Då eg gjekk, forsette leiken og praten, og siste timen skulle dei gå tur bort i båthamna for å kosa seg saman med godteri.

Tekst og nett:  Thor Inge Døssland
Foto: Torger Johan Koløy/Thor Inge Døssland