Klar og eintydig skilting på privat veg til Sørestølen på Eik.
Skiltinga på privat veg som fører fram til Uskedal Vasverk sitt vassanlegg på Sørestølen er endra. Skiltinga er klar og eintydig. Vegen er privat. Mot avgift er det høve å køyra fram til P – plass med personbil, ikkje bubil, ikkje bil med campingvogn. Det er betaling med VIPPS, kr. 25,- pr. døger. Årskort som gjeld i kalenderåret: kr. 250,-. Ved betaling må du tasta inn bilnummeret. VIPPS betaling vert registrert på grunneigar. Avgifta gjeld ikkje for grunneigar, fastbuande, gjester eller andre med vegrett. Bom stoppar trafikk lenger inn i område, mellom anna for å hindra avrenning til vasskjelda.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal