Soknerådet inviterer til den årlege julekonserten i kyrkja fyrstkomande sundag kl. 16.00. Heile åtte aktørar deltek, mellom dei gjesteartisten Dinu Serfesa som til vanleg bur i Malmø og som saman med kantor Eva Megyesi vil framføra fleire stykke på bratsj. Leif Inge Heimvik er ein fast gjest i Uskedalen på julekonserten. I tillegg til song og deklamasjon, vil han vera solist på I en natt av Bjørn Eidsvåg saman med musikklaget. Skulemusikken og musikklaget har sine innslag fyrst og sist i porgrammet. Kvartetten ÆRE er også på plass. Ny på denne konserten er Rustne Menn. Dei framfører mellom anna Romjulsdrøm av Alf Prøysen. Velkomne til ein fin og variert konsert. Gratis inngang Det er høve til å gje ei gåve ved utgangen.

Eva Megyesi har med gjesteartisten Dinu Serfesa frå Malmø.
Rustne Menn vil framføra fire tradisjionelle julesongar.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Privat / arkivfoto