Klar for den populære sommarleiren i Uskedalen.
20 ungdomar er samla til ungdomsleir. I tillegg kjem leiarane.Det er femte året på rad at Friluftsrådet Vest legg sommarleiren for ungdom i alderen 12 til 15 år til Uskedalen. I dag var det frammøte og klargjering med presentasjon og rigging av leirområde. Seinare i veka vert det mange og ulike aktivitetar, mellom anna klatring og ut på sjøen i kajakk Overnatting i lavvo høyrer med. Matlaging og alle måltider er på område.
Sommarleiren denne veka er den fyrste av to samlingar. Den neste er for elevar i 5 – 7. klasse, 5. – 7. august på hytta Fjelly ved Mannsvatnet.
Meir frå ungdomsleiren med aktivitetane kjem ut i veka.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal