Uskedal Friluftslag inviterer til Friluftskonsert på Stemneplassen komande tysdag kl. 18.00. Styret kan presentera eit framifrå program med sentrale aktørar som Uskedal Musikklag og Fire Rusten Menn. “Rosina i pølsa” er framsyning av bogeskyting ved Atle Helland og Håkon G. Tarberg. Meir omtale om bogeskytinga kjem i eige innlegg.

Eit anna høgdepunkt er gjesteartist, Sindre Aksnes. Han er trommis med Fire Rustne Menn. Ikkje nok med det. Sindre vil syna fram lærar Andreas Haugland si fele, som han har restaurert og vil spela på. Fela, som til vanleg skal vera i skulestova på skulemuseet, er ei gåve frå etterkomarane etter Haugland.

Sindre Aksnes syner fram lærar Andreas Haugland si fele, her utan strenger. No er fela restaurert og kan spelast på.

Elles vert det hesteskokasting og trekking av vedlotteriet. All inntekt går til drift og vidare utvikling av Friluftsplassen i Skårhaug.

Open kiosk.

Det er gode vermeldingar. Ta med ein kjenning og ven og kom på Stemneplassen på tysdag.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Plakat laga av Thor Inge Døssland/ Kristian Bringedal