Klagen på vedtak frå kommunestyret 27.10.22 om detaljreguleringsplan Børnes Næringsomrdåe førte fram. Statsforvaltaren i Vestland opphevar dermed vedtaket. Vedtaket er ugyldig. Opphevinga fører til at Kvinnherad kommune må handsama planframlegget på nytt, anten ved at endringar vert sendt på ei avgrensa høyring eller at at vel å bruka ei vanleg offentleg ettersyn. Det er kommunen sjølv som tek stilling til den vidare handsaminga. Vedtaket om oppheving av planvedtaket er endeleg og kan ikkje klagast vidare.

Klagar er Br. Hjønnevåg AS og Liv Astrid Myhre m. fl. Uskedalen.no går ikkje i detaljar. Grunngjeving og drøfingar kjem klart fram i eit 9 siders dokument som ligg på postlista.

Statsforvaltaren si vurdering tek utgangspunkt i desse punkta:

  • Saksframstillinga – Jfr Plan- og bygningsloven § 5 12-12
  • Innhaldet i planen. Planprosess og medverknad

Kvinnherad kommunestyre har i møte 23.02.23 drøfta klagene, men fann ikkje grunn til å ta klagene til fylgje. No føreligg det eit endeleg vedtak frå Statsforvaltaren som ein må retta seg etter.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto