Kl. 07.00 kom gjengangaren AMERA inn Storsund - nøyaktig på same tid som i fjor.
Kl. 07.00 i dag tidleg kom det 38 år gamle cruiseskipet MS AMERA inn Storsund, med destinasjon Rosendal og vidare til Eidfjord. Det er nøyaktig på same klokkeslettet som då skipet gjekk Storsund 24. september i fjor.
Det er ikkje så ofte vi ser turistskip gjennom Storsund så tidleg på dagen. Mest vanleg er seglas på sør på ettermiddagen.
MS AMERA er elles eit vanleg syn på desse kantar. Skipet er bygd i 1988. Det er såleis eit av dei eldste i denne farten. Etter stopp i Rosendal i dag er AMERA på seglas inn Hardangerfjorden.
Det 40 000 tonn store MS AMERA går med Bahamas flagg. Passasjertalet er 740. Etter seglingsplanen er AMERA tilbake i Rosendal 29. juli.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Hans Ordin Østebø