Hans Reidar Kjærland som driv gard på Kjerland saman med sambuar Anne Marit Myhre, har utmerka seg som ein svært dyktig og veloverveid bonde. Dette har blitt lagt merke til i fagkretsar langt utanfor Kvinnherad. Mange hugsar nok oppslaga om rekordkua Rakel for nokre år sidan som mjølka over 20.000 kg i året. I tillegg har han utmerka seg på andre felt mellom anna som ein føregangsmann for kurasen Simmental på nasjonalt plan. Nyleg var han førstesideoppslag i fagbladet Bondevennen med fokus på ombygginga av fjøset og drifta elles på garden.

Utsnitt frå Bondevennen.

Bondevennen er eit høgt respektert fagblad med eit opplag på 7000 med nedslagsfelt frå Telemark og Agder til Møre og Romsdal i nord, men også med abonnentar frå andre deler av Sør-Norge. Det kjem årleg ut med 40 nummer og har komme ut i 123 år, sidan 1898. Nyleg pryda Hans Reidar Kjærland framsida av fagbladet i tillegg til at det var ein reportasje over tre sider inne i bladet.

Hovudfokuset er på korleis Kjærland har valt å møta kravet om lausdrift av kyrne, og vurderingar og planlegging han har gjort rundt møtet med denne utfordringa.

Kjærland fortel til Bondevennen at det låg grundige vurderingar til grunn før han bestemte seg for ombygging av eksisterande bygningar i staden for nybygg. Eit nybygg ville truleg ha komme på opp mot 12 millionar. Prisen var rekna til 8-9 millionar i 2015. Med dåverande rentenivå måtte han ha auka mjølkekvoten til minst 400.000 liter, og då måtte han ha sikra seg meir areal som hadde medført lang transport både av fòr og gjødsel. Dette ønskte han ikkje. Han seier også at alder var med i reknestykket når det var snakk om så store investeringar og så mykje arbeid.

Utsnitt frå Bondevennen

Han enda dermed på ombygging av eksisterande fjøs til moderne fjøs for mjølkekyrne, og ombygging av halve det store reiskapshuset på Leite til kaldfjøs for ungdyra. Han fortel at med denne ombygginga er det investert 5,7 millionar med 1,9 mill. i støtte. Då klarar dei seg med det arealet dei har, og mjølkekvoten på 238.000 liter som dei har no.

Kjærland har no 20 årskyr, og han seier at han har tenkt at 23-25 kyr og ein mjølkekvote på 250.000 liter kan vera høveleg.

Det er no ganske nøyaktig eitt år sidan ombygginga på Kjerland og Leite var klar, og bonden er godt fornøgd med erfaringane han har gjort dette første året.

Hans Reidar er svært godt nøgd med erfaringane han har gjort første året.
Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto frå artikkel i Bondevennen
Kjelde: Bondevennen v/artikkelforfattar/frilansjournalist Anne Rivenes