Forrige onsdag avslutta Uskedal skulemusikk den musikalske delen av sesongen med ein flott konsert i Strandstova i båthamna. Denne onsdagen stod det sosiale i fokus då korpset, aspirantar, foreldre og søsken hadde ei kjempekjekk avslutning på Skorpo. No blir det berre messingtonar kvar for seg gjennom sommaren før det veksande korpset blir endå fleire til hausten. Frå styret i skulemusikken har vi motteke denne kjekke rapporten frå avslutningsturen:

Musikantar, foreldre og søsken kosa seg i idylliske omgjevnader på Skorpo.

Anja og Ole Kristoffer på Skorpo inviterte oss bort til Skorpo onsdag 16.juni. Me var om lag 30 store og små som reiste over. Grillen var klar, og med god hjelp av foreldre vart det servering av grillmat.

Etter mat var det tid for konkurransar og leik. Ebba hadde laga musikkonkurranse. Ho spela på kornetten sin nokre taktar frå ulike songar. Tre lag kjempa om å gjetta kva song ho spela, for deretter å syngja vidare. Konkurranseinstinktet var stort både hos store og små, og eg er nesten heilt sikker på at songen kunne høyrast “heilt heim”! Etter litt leik på dei nyslåtte bakkane, vart det servert kaker.

Ebba(t.h.) ordna med ein kjekk og spennande songkonkurranse. Her saman med Nelly.

Tida gjekk altfor fort, og det var tid for heimreise. Stor takk til Anja og Ole Kristoffer. Takk til foreldre for skyss, hjelp og kakebaking. Me i styret ynskjer musikantar og foreldre ein god sommar.

Både foreldre og småsøsken kosa seg like mykje som musikantane.




Desse gutane kosa seg i graset.
Tekst: Styret i Uskedal skulemusikk.
Foto: Haldis Aakra.
Nett: Thor Inge Døssland.