Laurdag kveld sende ungdomslaget ut ei melding om pop up cafe på Fjelly palmesundag. Magnhild Haugland, Anita Enæs og Hans Ordin Østebø frå hyttestyret tok ut tidleg sundag morgon for kargjering og mottak av kafegjester. Forventningane var ikkje dei største etter ei avlysing av påskefesten, men ein fjelltur er ikkje feil uansett. Alle tre hadde fulle sekker med mjøl, sukker, gjær, heimelaga harde vafler og eit lett utval av 1-2-3 toro kaker. Dessutan fekk ein prøva den nye ovnen.

Ingen tvil: Dette slo an og freistar for gjentaking Dette vart ein samvittighets-cafe, då ein ikkje har så godt nett der oppe. Så her er vippsar til Fjelly/Ungdomslaget 572076 . All inntekt går sjølvsagt til hytta .

Takk til hyttestyret for å tenkja kjapt og nytt.

Tekst/ nett: Kristian Bringedal
Foto: Audun Eik