Det er mange påskegjester i Uskedalen. Mange utflytte uskedelingar kjem heim og høgtidar påske saman med slekta si. Det er alltid faste påskegjester på Rabben Feriesenter og i båthamnene. På Skorpo fyllest hyttene og den årlege påskefesten med rebus, og tur til Skorpefjellet på påskeafta vart gjennomført slik det har vore i mange år. Merethe Ljosnes Jordbrekk sender bilete og fortel at påske for henne og familien er å koma heim til Holmen og nyta fjord og fjell. Ho fotel at etter to år med bypåske, kunne ein endeleg koma heim og nyta Uskedalen. Merethe likar å pynta til alle høgtider. Ho har difor pynta hagen heime i Haugesund før avreise. Svingen på Holmen pyntar ho saman med familien med sjølvlaga påskepynt. ( Sjå bilete over )

Den årlege påskefesten på Skorpo gjekk av stabelen på påskeafta. Her er det samling i Langballetunet.
Mange bubilgjester valde Uskedalen som resiemål i påsken.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Privat