Det er 13. dagen og etter tradisjonen skal julebukkane koma på døra i kveld. I Prøysen si julevise Romjulsdrøm frå 1968 står det rett nok at julebukkane kom ein av dagane mellom jul og nyttår. I Uskedalen var det lenge slik at nokre av dei utkledde borna kom kvelden før 13. dagen, andre kom på sjølve dagen, alt ut frå om ein var tilflyttar til bygda eller ikkje. Ei avgjer i FAU fekk slutt på denne todelinga. No er skikken den at alle går på datoen 6. januar. Då er det berre å vera heime og ta godt imot dei som kjem utkledde med plastposen, syng og skaper ei triveleg stund ved inngangen.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto