Kjell Magne Haugland frå Klammeren i Uskedalen har vore med på dugnadslaget for å flytta og gjenreisa Nyasago i Rosendal. Saman med mellom anna Leif Tore Nedrevåg, Nils Gausvik og Sveinung Sandvik har Kjell Magne lagt ned nær på 10 000 dugnadstimar fram til ferdigstilling i desse dagar. Total kostnad: 1,8 mill. kr. Nyasago frå 1916 i Skaaluren si eige vart til fordi det var for kostnart for skipsbyggjaren å bruka Baronen si sag. No er bygget flytta og Kjell Magne har vore med i heile prosessen. I dag er Nyasago vakkert plassert i Jørafjæro like ved slippen der GURINE vart restaurert og sett på sjø. På bilete ser vi f.v: Sveinung Sandvik, Nils Gausvik, Kjell Magne Haugland ( i kjole og kvitt ) og Leif Tore Nedrevåg.

I andre høgda finn vi riggeloft og lager for GURINE.

I helsinga frå Anders Jordal til Kjell Magne på 70 årsdagen hans på laurdag kom det fram gode ord om eigenskapane hans, fagleg og personleg. Haugland har vore ei av drivkreftene i eit stort og omfattande prosjekt. Fyrst var det klargjering til flyttinga med mellom anna å ta ned skiferhellene på taket, laga fundament og ta mot bygget på Eideliften. All gamal kledning er riven og erstatta med ny. Bygget er isolert og det er laga ny fasade med vindaugo mot sjøen. Sjølve konstruksjonen med bjelkar og kne er originale. Golva i begge høgdene er nye.

PÅ markeringa var det kulturelt innslag av Humlepungen Bryggjarlag, dikt skrive av Bjørn Skibenes til tonen Eg hadde ei tante.

På grunnplanet finn vi festsal, kjøkken, toalett og garderobar. i 2. høgda er det riggeloft, lager, sosialt rom og verkstad. Kjell Magne har vore ansvarleg for alt det fomelle med byggesøknad ogg dispensasjonsøknad i høve til gjeldande arealbruk i strandsona.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal