Med jamne mellomrom er det babytreff på Kafè Tiaren. Det er eit flott tiltak som langt fleire enn babyane og foreldra deira set pris på. Dei faste kafègjestene er også glade for det trivlege livet som smårollingane skaper i dei gamle skulestovene. Vanlegvis er babyane og foreldra i den inste stova. Der er det også litt tilrettelagt for dei små med matter til golvet, barnestol når dei treng ein matpause og litt leiker. Babyane har og med eigne leiker.

Koseleg og god aktivitet på gummimattene.

I går var det vel bortimot rekordframmøte til treffet. Åtte flotte og trivlege babyar med mødrer og ein far var på plass. Dei kom både frå Uskedalen og nabobygdene, og det såg ut som om både små og store kosa seg. Det gjorde også resten av kafègjestene.

Sosialt og kjekt både for babyane og foreldra.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland