Norge Rundt held stand som eit populært fredagsprogram med høge sjåartal slik det har vore i 35 år. Førre fredag, 3.september, hadde dei vore på besøk i Herøysundet og besøkt den økologiske isprodusenten Isrosa. Resultatet blei ikkje berre eitt innslag, men det vart gjennomgangsinnslag i programmet den veka. Det gav også tittelen til det Norge Rundt-programmet, “Is på småbruket”. På bildet over ser vi Øystein Skjæveland i samtale med programleiar Birthe Bringsvord i rabarbraåkeren.

Åshild, Eimund og Solfinn kuttar rabarbra til isen.

I programmet møter vi Øystein Skjæveland som driv Isrosa saman med dei tre barna, Åshild, Eimund og Solfinn, som også tar del i isproduksjonen. Vi føl dei frå rabarbraåkeren til smaksprøvar på ferdig laga is. Det er Birthe Bringsvord som er programleiar, og gjennom samtalar med Øystein, Solfinn, Eimund og Åshild får vi godt og interessant innblikk i produksjonen som føregår på småbruket.

Isrosa var dei første som fekk godkjent økologisk isproduksjon i 2003. No er isen deira å få kjøpt i eit stort område, – i hovudsak på kafèar og restaurantar.

Det kjekke innslaget frå nabo bygda vår kan de sjå ved å klikka HER. Det er i fleire deler.

Frå produksjonslokalet.
Tekst, skjermdumpar og nett: Thor Inge Døssland.