Dei siste par vekene har vi ved skulen hatt mange kjekke skuledagar, med anna innhald enn det vi normalt har. Her kjem ei lita oppsummering av hendingane vi har vore gjennom.

Vi starta med dyredag 4.juni. Her var det kanskje ikkje så mange dyr som tidlegare, men det var kjekt med dei dyra som kom. Her var det både hundar, kattar, geiter, sauer og marsvin som fekk presentert seg.

Tysdag 9.juni var det klart for årets kokkekamp med 4 lag frå 7.klassen. Alle gruppene laga både hovudrett og dessert, og dommarane syntes alle gruppene var veldig flinke, og at maten smaka godt. Tusen takk til Gunnbjørg, Gunn Mari og Eva Irene som stilte opp som dommarar, og tusen takk til Spar Uskedalen for premiar til alle deltakarar.

Onsdag 10.juni var det klart for årets andre aktivitetsdag, med tema bestemt av elevane – Sjødag/Vassdag. Her vart alle elevane delt inn i 4 grupper på tvers av alle klassar, og alle fekk delta på kanopadling, fiske, livet i fjøra og matlaging.

7.klassen har hatt eit par ekstra kjekke aktivitetar sist veke. Først var dei på overnattingstur til Fjelly ved Mannsvatnet. Der hadde dei hatt det veldig kjekt, og det var både leik, fiske, bading og anna moro rundt og i hytta. Takk til foreldre og besteforeldre som var med og hjalp til, slik at vi fekk gjennomført turen.

Dei siste dagane har det vore sommarfest både i barnehagen og på skulen. Barnehagen hadde sin i opningstida, medan skulen hadde sin på ettermiddag/kveld. I dag, siste skuledag, var det klart for fotballkamp mellom 7.klassen og dei tilsette. Vi seier ikkje noko om kva resultatet vart, men vi tilsette syntes i alle fall det var kjekt..

Med det vil vi ønskja alle born, elevar, tilsette, foreldre, samarbeids-partnarar og bygdafolket elles, ein strålande sommar. Lad batteria, så møtes vi igjen til hausten! Med helsing oss på Uskedalen Oppvekstsenter.

Tekst/nett: Odd Steinar Arnesen
Bilete: Elisabet, Jorunn, Anja og Odd Steinar.