Kjekk start på ny sesong!
3 unge musikantar var på sin første tur med skulekorpset i helga. Det ga meirsmak!
Uskedal skulemusikk og Rosendal skulekorps starta som vanleg ny sesong med å reisa på øvingshelg til Kinsarvik og Mikkeparken. Der var det ei fin blanding av øving, sosialt og masse kjekk leik i bassenget på campingplassen og i Mikkelparken. Dette året er det heile 9 nye medlemmer i korpsa – 3 av dei frå Uskedalen. Veldig kjekt å starte sesongen med å bli betre kjend med kvarandre – både ungar og vaksne. Turen vart avslutta med ein flott konsert i Mikkelparken.
Neste utfordring for skulekorpsa er konkurransen Bømlablåsen som arrangeres 24. oktober. Me gler oss til å høyre dei flink e musikantane på scena i Bømlo kulturhus.
Tekst: Monica Hermann Foto. Kristian Helgesen og Arnout Ijzermans



