I dag kunne du kjøpa vafler, is, saft, popcorn og kaffi utanfor Martabu. Dei tre søskenbarna, Georg (5 år), Karen (5 år) og Hanne (snart 9 år), stod for salget.

Georg Tangen Karlsen, som bur i Stavanger, og Hanne og Karen Bruhn Nilsen, som bur i Oslo, har Martabu som feriehus. Dei er barnebarna til Rune Nilsen.

I dag tok dei ein liten pause frå bading og opna pop-up-butikk utanfor Martabu.

I det fine veret var det stor trafikk forbi Martabu, og mange stoppa for å kjøpa seg noko godt.

For om lag 70 år sidan var det tippoldemora til Georg og Hanne som hadde butikk i Martabu.

Tekst/bilde/nett: Gunn Mari Moberg