Sommarkonserten på Stemneplassen er no blitt årviss. I fjor blei den flytta frå forsommaren og til august på grunn av pandemien. Årets konsert blei arrangert i går kveld med godt med publikum som verkeleg kosa seg på den fine Stemneplassen i Skårhaug. No meiner underteikna at det kanskje er på tide å dobla slik at det blir ein konsert på forsommaren og ein i august? Vi har gode aktørar som som gjennom musikkframføringane sine skapar godstemningen på fine sommarkveldar. Eit nytt og svært vellukka innslag i år var Tore Nordal Pedersen og hans einmanns band(bildet over).

Publikum kosa seg på Stemneplassen denne fine seinsommarkvelden.

Like sikkert som at det er Sommarkonsert, er det at veterangjengen frå musikklaget opnar den. Det var også dei som i si tid gjorde opptakt til desse konsertane for skaffa sårt tiltrengte midlar til Friluftslaget. Bandet framførte 7 nummer med variert musikk. Det var fine songar arrangert av korpset sin “spesialarrangør” Bjørn Aakre, svingande og friske “Det var på Capri” av bandet sin andre favorittarrangør Inge Sunde, marsj og annan musikk frå Frelsesarmèrepertoaret, tysk vals og annan musikk som såg ut til å gå rett heim hos tilhøyrarane. Trur mest det var på sin plass med forslaget om bandet kanskje burde kalla seg “Tromme-Olsen and the Heartbreakers”

Tilflyttar Tore Nordal Pedersen har no budd her i bygda i nokre år. Den dyktige musikaren er engasjert i ulike musikksamanhengar. Denne kvelden opptredde “Pederen med bassen” med einmans-bandet sitt. Han traff publikum frå første tone! Første nummer var Patsy Celine sin “Crazy”. Tore fortalde at han var 10 år då den kom ut rundt 1960, og han hugsar det godt. Det var nemleg mora sin store favoritt. Han fulgte opp med låtar av kjende storleikar som J. J. Cale og Eric Clapton før han avslutta med ei nydeleg framføring av Alf Prøysen sin “Teddybjørn”. På siste låten brukte han berre el-bassen i tillegg til si eiga songstemme. Tore bør bli eit fast innslag på desse konsertane saman med veteranbandet og Rustne Menn, og så kan ein kanskje spe på med litt ekstra krydder. Sistnemnde hadde ikkje mulighet til å vera med i går, men er nok tilbake ved neste anledning.
Tore Nordal Pedersen fortalde også at i oppveksten på Os sat han ofte og såg innover mot fjella våre og beundra Ulvanåso. I ungdommen hadde han reist inn her, gått til topps på Geitadalstind og hadde kjørt telemark ned att. Etter det hadde det blitt mange turar i det flotte fjellet. Då han blei pensjonist, flytta han saman med kona Dina hit for nokre år sidan. Begge blei fort veldkjende og positive innslag i bygdemiljøet, – han i ulike musikalske samanhengar i tillegg til dugnadsgruppa, medan Dina mellom anna er blant dei aktive damene på Kafè Tiaren.
– Vi stortrivst, avslutta han etter det flotte musikalske innslaget sitt.

Allsongen er viktig og stemningsskapande innslag. Den blir trygt leia av Kristian Bringedal med trekkspel og Tore Nordal Pedersen, el-bass.

Allsongen er også sentral og stemningsskapande desse kveldane og rammar resten av programmet fint inn. Under leiing av Kristian Bringedal og Tore Nordal Pedersen ljoma både “Vestland, Vestland”, “Vigelandsvalsen”, “Hurtigrutesongen” og Johannes Kleppevik si “Vårvise i naustet”.
Hesteskokasting er eit fast innslag. Mange deltok, men her var den eldste deltakaren heilt uslåeleg(kjem som eiga sak) og vann seg eit lodd i vedlotteriet som blei trekt på slutten.
Veden er felt, kappa, kløyvd og pakka i sekker av dugnadsgruppa og medlemmer av styret i Uskedal friluftslag. No er veden tørr og god! Dei heldige vinnarane av dei flotte og varmande gevinstane var:
20 sekker: Kjellrun Johanna Eik
10 sekker: Wenche Steinsletten Nummedal
5 sekker: Jon Harald Kjærland

God kaffidrøs høyrer sjølvsagt med!
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland.