I dag har vi hatt ein særs kjekk dag på Fjelly 😀 Pga. vermeldingane, vart dugnadshelga vi hadde planlagt, redusert til ein eindagsdugnad. Og sidan vi no skulle vera der heile dagen, hadde vi på førehand annonsert at dei som kom innom skulle få både vaffler og kaffi ☕🧇😀

Om vi fekk besøk? Vi fekk masse besøk 😀😀😀👍👍👍 Vaffelsteikjar, Magnhild, fekk skikkeleg sving på vaffeljernet. Etter endt dyst, hadde ho steikt opp ei heimelaga vaffelrøra og 3 Tororører 😀

Nokre gjester hadde sett at vi annonserte open dag, andre dukka tilfeldigvis innom – alle såg ut til å setja pris på å få koma inn i varm hytte og få servering 😀 Når responsen er så god, er det ikkje vanskeleg å skjøna at dette MÅ vi gjera fleire gonger 😀

Fekk vi gjort noko dugnadsarbeid? Jada, her vart det multitasking – Hans Ordin fekk snekra i snekkerbua, ………

….. og damen vaska og rydda hytta innvending.

No er ho klar for å ta imot nye gjester i vinterhalvåret 😀👍

Tekst og foto: Fjelly Styre
Nett: Hans Ordin Østebø