Innspurt i salget til redusert pris.

Uskedal Historielag hadde i dag stand i utestova til Spar Uskedalen der dei markerte innspurten i førehandssalet til redusert pris av bok 4 i serien “Den nære fortida”. Boka blir lansert under boksleppet i Helgheim 7. november. I tillegg var det også salg av tidlegare utgjevingar, teikning av medlemskap, god kaffidrøs og ikkje minst rungande allsong.

Salget av den komande boka var strålande. Mange ville sikra seg boka til tilbodsprisen 250,- som varer fram til 15. oktober. Etter det kostar den 300,-kr. Det var også gledeleg salg av utvandrarboka som kom ut i fjor.
Det blei også teikna 8 nye medlemskap. Årskontigenten er 200, og det gjev ein del fordelar gjennom året. Medlemmene får kjøpa ei bok til 200,- kr, og allereie førstkommande mandag kjem dei gratis inn på føredraget “Minner om eit stølsliv” med Reidar Johan Sandal.
Bøker og medlemsskap kan også kjøpast på nett ved å betala rett sum til vipps 76 38 03 eller til konto 3207.37.52026, og skriva melding om kva kjøpet gjeld. Sjå prisar på plakaten under (ved sending kjem 90 kr i tillegg).

Førehandsprisen gjeld til 15. oktober.

Allsongen i utestova runga godt også i dag. Som vanleg var det parhestane Kristian Bringedal(trekkspel) og Svein Rimestad(gitar) som leia an. Det klang så godt at Kristian, på facebook etterpå, tok til orde for å få i gong eit seniorkor i Uskedalen. Det starta med “Nidelven” som de kan høyra i videoen nedanfor, før det fortsette med “La oss leve for hverandre” og nokre fleire gode allsongar.

Oppmøtet var særs godt. Sosialt var det ein fulltreffar, og praten gjekk godt til kaffien som Spar spanderte. Kjekk dag!!

Skriftstyremedlem Harald Sætre tok turen frå Arna.
Tekst, foto, video og nett: Thor Inge Døssland.