Skulemusikken hadde i går sin første basar etter koronaperioden. Det føregjekk i Helgheim. Tradisjonen tru opna dei unge musikarane med flott musikk etter at det hadde blitt bore inn rikeleg med kaker, kaffi og saft på småborda i salen. Underteikna let seg og imponera over den gode avviklinga av basaren. Heile arrangementet med konsert, to åreomgangar med uttallige gevinstar, trekking av gevinstane på bøkene og kos med kaffi, saft og kaker gjekk unna på 1 time og 10 minutt. Det vitnar både om god planlegging og effektiv gjennomføring. Kjekt og spennande var det i alle fall!

Korpset er i flott utvikling og gjorde det bra då dei spela tre nummer under dirigent Tor Skeie Olsen.

I konserten fekk vi høyra tre nummer av korpset. Både vanskegrad og gjennomføring fortel at dei unge musikarane er i flott utvikling. Til opning spela dei ein svært kjekk medley der vi fekk høyra utdrag av mange kjende barnesangar. Flott! Likevel fall underteikna pladask av framføringa deira av ein rocka versjon av “Bæ, bæ, lille lam” med stor variasjon og veksling mellom instrumentgruppene i melodiføringa. Vokale innslag med preg av rap var det og. Her var det mykje trøkk og speleglede!! Tydeleg at også musikarane likte stykket som dei framførte særs godt!
Ingen konsert i skulemusikken utan at det er solonummer. Denne gongen var det Margrete, Mileah, Anna, Ann Cecilia, Norah, Ola og Erle Marie og Ylvas om gledde publikum på denne måten med Alle fugler, Vårsøg, Tema frå Flåklypa, Kom og høyr på hornmusikk og Tappenstrek.

Den flinke kornettisten Erle Marie Korsvold imponerte då ho etter berre nokre timars øving på trombone spela Kom og høyr på hornmusikk saman med trombonist Ola Hermann Fossli.

Musikarane gjorde også ein flott og effektiv innsats som både loddseljarar og som gevinstutdelarar. Leiaren i Uskedal Skulemusikk Monica Hermann takka alle som hadde gitt flotte gevinstar.
– Vi har så mange støttespelarar som er så flinke å sy og strikka. Så fort dei høyrer vi skal ha basar, haglar det inn med gevinstar. Det er så kjekt! Tusen takk! sa ho mellom anna.

Vinnarar av gevinstane på bøkene:

Festivalpass, FestidalenAnne Sofie Feet
DokkeEldbjørg og Lars Myklebust
GenserAnne Sofie Feet
Hekla løparTina Sæberg
RedningsvestAnn Cecilie Da Silva Yri
Sett med strikkasokkerKåre Haveland
ToalettmapperNelly Kjærland
FrisørproduktHaldis Aakra
Flaske og glassBjørn Ove Sunde
LueNelly Kjærland
Sett med vinåpner mmBritt Arnesen
Handduk og grytekluterFrode Skorpen
PleddAdriana Da Silva Yri

Vinnarane blir kontakta.

Dei som var på denne basaren fekk ei påminning om kor kjekt det er på basar. Og det er ikkje lenge å venta på neste basar. Søndag 26. mars kl.16 er den årlege helselags-basaren i Helgheim.

Ylva Helgesen spela solonummer både i konsertavdelinga og som avslutning. Den jenta har flott utvikling på barytonen, og tonen fortel tydeleg at det ligg mykje heimeøving bak.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland