Tirsdag var det avslutning på skikarusellen med skicross. Det blei eit artig og litt annleis renn for deltakarane. Denne gongen var det lagt inn både portar og litt humpar i løypa, og løparane fekk testa skiferdighetene sin på ein litt annan måte.
Det var også barneskirenn i forkant av sjølve rennet.
Deltakartalet kunne vore høgare enn dei knapt 25 som koste seg i løypene i Fjellhaugen denne tirsdagskvelden, men dei som var der hadde ein flott avslutning på skisesongen. Alle deltakarane på tirsdag fekk flotte premiar frå Telenor.

Skigruppa i Uskedalen har hatt ein aktiv gjeng på 15-20 deltakarar som har vore med på treningar gjennom sesongen. I tillegg til dei lokale renna i skikarusellen har dei også delteke i renn utanfor kommunen. seinast forrige helg i Vestlandsmeisterskapet på Voss.

I fint driv i løypa.

I barneskirenna har det vore få deltakarar frå Uskedalen denne sesongen. Dette får vi håpa endrar seg til neste sesong. Dette er nemleg ein aktivitet som er både kjekk og god.

Frå starten i barnerennet.

No er altså siste rennet i skikarusellen ferdig. Premieutdeling blir som vanleg på eit arrangement noko seinare.

Dei unge, ivrige skiløparane slappar ikkje av fordi om den sesongen er slutt. Allereie torsdag var friidrettstreningane i gang, og der er mange av dei også aktive.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Monica Hermann/Chris Fossli