For å feira 40-årsjubileet trekte Kvinnheradløpet ut eit ekstra stort gåvekort blant alle deltakarane i år. Den heldige vinnaren vart Karin Tungesvik frå Uskedalen.
Tradisjonen tru hadde Kvinnheradløpet ti gåvekort hjå Sport1 Rosendal å dela ut blant dei som stilte i turklassen, samt seks i løpsklassen. Men i tillegg – som ei skikkeleg markering av at det i år var den 40. utgåva av arrangementet, vart det også trekt ut eit kort på heile 4.000 kroner. Det gjekk til Karin Tungesvik frå Uskedalen. Kortet vart overlevert på måndag av Laila Hovland, nestleiar i Rosendal Turnlag turgruppa. Ho er nemleg praktisk nok kollega av Karin i Heimetenester nord i Kvinnherad kommune.

Tekst og foto: Morten Nygård frå arrangørane
Nett: Thor Inge Døssland