Etter eit års pause blei Åkra-løpet arrangert for 30. gang i dag. Vanlegvis blir dette løpet arrangert i pinsehelga, men koronasituasjonen gjorde at det i år blei utsett til august. Det er Matre idrettslag som er arrangør, og det var tilsaman 110 deltakarar til start i mosjonsklassen og konkurranseklassen. Det var arrangørane fornøgde med. Kari Bråtun var heilt suveren i dameklassen, og den unge læraren viste solid form då ho sprang gjennom den 3,2 kilometer lange løypa på 12 minutt og 39 sekund.

Etter løpet uttalte Kari Bråtun til lokalavisa Grenda at ho var godt fornøgd med løpet. Ho sprang ganske jamnt, og syntes det var hardt og kjekt.
– Formen er grei, trur eg vi kan seia, sa ho vidare til Grenda.

Kurt Reidar Jekteberg frå arrangørane i midten saman med vinnarane Kari Bråtun og Sindre S. Omvik.(Foto: Morten Nygård/Grenda)

Sindre Omvik kom aller først i mål. I einsam majestet kom han i mål på 9.30, berre tre sekund bak sin eigen løyperekord frå 2019. Sindre har aner frå Uskedalen då bestemora voks opp på Haugland. Dei observante vil også ha lagt merke til at han har hatt ein del treningar på raudstubben på Heio. Før NM i fjor var han ofte å sjå der, men vi har også sett han der denne sesongen. Åkraløpet var første konkurranse for Sindre i år, og til Grenda seier han at han ikkje utelukkar at NM i Kristiansand kan bli neste konkurranse. Han har ikkje bestemt seg enno.

De finn meir om Åkraløpet i Grenda.

Både kvinnheringen.no og grenda.no har fine bildeseriar frå løpet. Desse er tilgjengelege for abonnentane, og der er det også bilde av fleire uskedelingar som deltok.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Morten Nygård/Grenda.