Det er hundre år sidan dei fyrste bygga vart freda. Kapteinsgården, bygd i 1775, er i privat eige, ligg på Nedre Feet er eit av dei 9000 freda husa i landet. No vil Riksantikvaren auka tilskota til private eigarar. Tilskotet frå Staten skal dekka meirkostnader eigarane har med å vedlikehalda husa etter antikvariske prinsipp. Fylkeskommunen er pålagd å fylgja opp saker som gjeld freda hus og anlegg. Kapteinsgården høyrer til gruppa vedtaksfreda hus. Fredinga frå 1923 gjeld sjølve huset, ikkje uthus og område rundt. Takvøle på nordsida er den siste restaureringa som er gjort på den freda embetsmannsbustaden.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Drone - Hans Ordin Østebø