Kapteinen Hammersmark, som eigentleg har graden oberst løytnant, samla full sal i Uskedalen i kveld. I ei fin veksling mellom humor og alvor fekk han godt fram korleis vi gjer kvarandre gode og legg grunnlaget for meistring og personleg utvikling. Den fyrste delen av føredraget på vel ein time utan manus handla om det å gå på autopilot i motsetnad til kritisk tenkjing. Vi let oss ofte styra av vanar, kjensler og instinkt. Langt betre er det å vera kritisk. bruka tid til refleksjon og samhandling med andre.

Kapteinen samla full sal i kveld.

John Hammersverk har utdanninga si i Forsvaret. Han har vore innom det meste av tenester og leiing, alt frå Krigsskulen til leiing av norske styrkar i utlandet. Alt 37 år gamal hadde han graden oberst løytnant. Med 23 år tenestetid i Forsvaret er han no over i maritim næring. Morosamt var då han fortalde om korporal Lauritsen som i TV programmet er forfremja til kaptein, men han som oberst er degratert.

TV underhaldninga starta med det han kallar sesong 0, på tur med Lauritsen. Seinare har han vore med på alle innspelingane, tropp 1 til tropp 3. Det handlar om meistring, samarbeid og det å syna omsorg. Det handlar ikkje minst om å ikkje gje seg trass motgang. På heimebane er det uheldig med bjørnetenester som å sy puter under armane på borna. Skil mellom innsats og prestasjon og demp varslaren, den som alltid bed andre ordna opp.

Kapteinen har i det verkelege livet graden oberst løytnant.

Hammersmark avslutta kvelden med 8 punkt på tavla, om korleis vi kan leggja til rette for betre meistring og eit betre liv. Nokre av punkta er: Ikkje dyrk bitterhet, dropp bekymring, ver vennleg – det smittar, ikkje bruk krefter på det du ikkje har kontroll på, ta mot nye tankar og skift gjerne meining, ta ansvar og løys oppdraget.

Uskedal helselag med styreleiar Elin Legland og ein stor stab var vertskap og arrangør. Arne Torget sa fram takk til Hammersverk med å lesa to dikt frå den siste boka GLOBOID, dikt frå A til Tå.

God kveld soldatar – god kveld kaptein.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal