Kantforsterking også på nedre Musland.
Etter sluttført arbeid med kantforsterking på fylkesvegen ved Blåhaug på Haugland er same jobben gjort på nedre Musland i grensa mellom bruk 1 og bruk 2 ( Flato ). Entreprenør har vore TM anlegg. Oppdragsgjevar er MESTA og Vestland Fylkeskommunen. Runar Tvedt i TM anlegg fortel til uskedalen.no at arbeidet er gjort på same måten som på Haugland.
Stein og massar kjem frå Haugland Mjølk og Maskin sitt depot på Hauglandsheio. Vegen er forsterka og er dermed langt betre for alle, både for private bilistar og for tyngre nyttetransport. Kantforsterkinga på Musland har eit strekk på om lag 100 meter, på begge sider av ei lita utkøyring.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal