Målet for det kristne arbeidet burde vera felles for alle som deltek i det. I den tida vi no går inn i med advent og julehøgtid, burde det vera svært så tydeleg for alle. Mange som tek kontakt med Uskedalssida, meiner at slik er det ikkje her i bygda. Dei seinare åra har mange møte på bedehuset blitt lagt parallellt med gudstenestene i kyrkja. Det er ikkje gudstenester så ofte at dette skulle vera nødvendig. Dette blir av mange oppfatta som om det er konstruert ein konkurransesituasjon i staden for samarbeid mot det felles målet. Mange opplever det som uheldig og splittande i ei lita bygd som Uskedalen. Derfor er det naturleg at mange forventar at Uskedalssida som skal vera til beste for fellesskapet i bygda, tar dette opp.

Uskedal Bedehus

Her skal vi ikkje fordela skuld for situasjonen som har oppstått, men visa sentrale kristne verdiar som nestekjærleik og omsorg i samarbeidet. Vi bør unngå kollisjonar mellom arrangement i kyrkja og i bedehuset. Det må vera til beste for alle, og vi har gode tradisjonar for å klara dette på ein svært god måte i Uskedalen tidlegare. Derfor er det naturleg å be styret i Uskedal Bedehusforsamling og Uskedal sokneråd til å møtast og samarbeida slik at vi unngår kollisjonar mellom møte i bedehuset og gudstenester i framtida. Dette er også viktig, fordi det er personar som ønskjer som ønskjer å delta begge stader. Dei må få velgja det og sleppa å komma i ein valgskvis. Det skulle vera enkelt å finna ei god løysing på dette!

Eg ønskjer ikkje nokon følgjetong om saka her på nettsida. Eg har tiltru til at styret i Uskedal Bedehusforsamling og Uskedal sokneråd finn ei løysing på samarbeidet. Viss ikkje sviktar dei ikkje berre oss som bur i bygda, men også sentrale kristne verdiar.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland