Kan du hjelpe oss med premiar til adventskalenderen?
Styret i skulemusikken er allereie i gang med førebuingane til den populære adventskalenderen som skal sørge for spenning i adventstida. Kalenderen er den viktigaste inntektskjelda til skulemusikken og me håper at lokale bedrifter og privatpersonar vil hjelpe oss med gevinstar i år også. Ta kontakt med Monica Hermann (telefon 90635493) dersom du ynskjer å bidra.
Tusen takk for hjelpa!
