Kafe Tiaren kan syna til aktivitet sidan starten i 2007, bort sett frå vel eit års pause med Covid. Ikkje nok med at 24 frivillige pluss vikarane gjer kafeteneste 8. kvar veke heile året. Kafe Tiaren må vera noko utanom det vanlege. Dei har nemleg eige kafeband. Rustne Menn, som stiller opp med allsong ein gong i månaden og elles på festar og sosiale tilstellingar. Tiaren må såleis vera av dei få i landet som kan skilta med eige kafeband. Den årlege frivilligfesten i kveld var vellukka med godt frammøte og gode ord frå leiinga i Uskedal utvikling ved Gunn Mari Moberg. Berit Harriet Døssland og Selma Eik er truleg dei einaste som har vore med sidan skipingsmøte onsdag 12. september 2007. I kveld fekk alle blom for eit flott frivillig arbeid i bygda, sosialt og kulturelt.

Kafe Tiaren har eige kafeband ( Arkivfoto ).
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal