Uskedalen.no har fått spørsmål om Kafè Tiaren er open no i påskeveka. Det har vi undersøkt. Vi kan glede med å melda at dei flittige tiaren-damene er klare til å ta mot gjestene som vanleg. Dermed er dette ein fin mulighet til å møtast til god drøs over ein kaffikopp og noko godt attåt.
Det er også komme ein god del påskeferiegjester til Uskedalen, og ein tur på Kafè Tiaren må vera eit glimrande innslag. For dei som ikkje veit det, held kafèen til i Gamleskulen, det kvite bygget like ovanfor Spar. Opningstida er tirsdag kl.11 – 14, og det kan betalast både med kontantar og vipps.

Tekst, arkivfoto og nett: Thor Inge Døssland.