Laurdag for ei veke sidan skreiv vi på uskedalen.no om stor elv. Jon Harald Kjærland merka seg at Kadlasteinen mest ikkje var synleg. Vassmassane rann over steinen. Det er ei svært sjeldan hending. Då er det grunn til å spørja om elva var på sitt største. Det er rett nok gjort nokre justeringar med elva dei siste 10 år. Det er gjort ved at elvebotnen er heva i yttersvingen i Leirholet. Det same er gjort på Fetsida ved Uskedal bru. Alle som bur i sjølve Uskedalen, har eit forhold til elva og føl med på kor stor elva er til ei kvar tid. Elva har sin historie. Dersom du har minne frå spesielle hendingar, send oss nokre ord. Det treng ikkje vera så mykje, men det er viktig med tidfesting og kva det gjeld.

Kadlasteinen slik vi til vanleg ser den.
Tekst(nett: Kristian Bringedal
Foto: Jon Harald Kjærland / Kristian Bringedal