Julemarknad på Rabben på fredag.
I samband med julegrantenninga har det vore populært med julemarknad. I år har ikkje dette lete seg gjera å planleggja det på grunn av mangel på lokale sidan Helgheim er utleigd. Interessentar som har teke kontakt, har dermed fått nei.
No kan det likevel laga seg med ein koseleg, liten julemarknad. Magne og Tove Heggøy vil stella i stand i resepsjonen og pergolaen på Rabben Feriesenter frå kl.15-20. Det ligg godt plassert som næraste nabo til Uskedal Kyrkje der det skal vera minikonsert og engleverkstad. Tove Heggøy er kjend for å ha særdeles flotte handarbeid, særleg strikk, men dei opnar opp, og håpar på fleire andre utstillarar. Gunn Mari Moberg (mob.: 402 80 935) og Jannike Myklebust (mob.: 416 54 581) i Uskedal Utvikling er interessert i å komma i kontakt med andre som ønskjer å ha stand.
Dette kan bli riktig så kjekt. Ei lita eksklusiv kvalitetsmesse!!
Tekst og nett: Thor inge Døssland
Foto: privat