I kveld har eg vore på ein skikkeleg kjekk julekonsert. Dei unge musikarane i skulemusikken gav oss verkeleg julestemning gjennom dei 14 nummera som den vel tre kvarter lange konserten inneheldt. Imponerande mange stilte opp med solistnummer, og innimellom presenterte det samla korpset desse 4 julenummera: Away in a Manger, Mitt hjarte alltid vanker, Deilig er jorden og Julekveldsvisa. Deilig er jorden hadde ei nydeleg ramme der Ann Cecilie Yri framførte første verset som solist før heile korpset spela dei resterande versa. Flott oppbygging og nydeleg framført slik denne kjære julesangen skal låta. Kva dei andre solistane spela går fram av bilettekstane. Alle gjorde ein super innsats, og framgangen er tydeleg frå tidlegare i haust.

Iver (tuba) og Ola (trombone) sette ein flott standard for konserten med framføringa si av “Rudolf er rød på nesen” i innleiinga
MMM (Mileah, Margrete og Mia), unge flinke jenter i “Stille nå”. Margrete framførte også “Nå tennes tusen julelys” åleine.
Nora (kornett) og Ylva (baryton) spelte fint saman i “Deilig er jorden”.
“Snømannen Kalle” passa supert i kveld, famført av søskena Anna (kornett) og Ola (trombone).

Konserten måtte flyttast frå båthamna til Helgheim, og det var bra med publikum. Oppbygginga av konserten er eit verkeleg godt konsept både for publikum, og med tanke på utviklinga til musikarane. Dei mange solistinnslaga på ulike instrument sikrar god variasjon. Det er ein konsert til å bli glad av. Den løftar oss verkeleg fram mot julehøgtida. Neste år anbefaler eg endå fleire til å ta turen for å få denne opplevinga. Medan publikum nytte framføringane, kunne dei også kosa seg med peparkaker, saft og kaffi.

Før siste nummer blei den dyktige dirigenten Tor Skeie Olsen og hjelpedirigent/instruktør/musikar Nils Rainer Vågen overrekt gåver for innsatsen. Musikar Ebba Hermann Fossli fekk blom for at ho alltid er hjelpsom og stiller som gruppeinstruktør ved behov. Blom fekk også May Liss Stensletten på Auto 88 som kvart år ordnar med at vinnarane på adventskalendaren får gevinstane sine. Også æresmedlem Thor Inge Døssland fekk juleblom. Eg kvitterer med at styret og foreldregruppa fortener “Tio tusen røda rosor”. Dei gjer ein super jobb!! Dette var også dirigent Tor Skeie Olsen tydeleg på.

Heilt til slutt blei det overrekt juleoppmerksomhet til kvar musikar. Veldig fortent, og det blei verkeleg sett pris på!

Ole Edvard Antonsen sin nydelege klassikar “Vidda” vart flott framført av kornettisten Erle Marie.
“Vi tenner våre lykter” passar veldig godt no i denne snørike adventstida, framørt på althorn av Anders Feet.
Ann Cecilie framførte eit vers av “Deilig er jorden ” slik det skal gjerast før ho spela dei resterande versa saman med korpset.
Fjerdeklassingen Anna imponerte i eit krevjande arrangement av vakre “Mitt hjarte alltid vanker”. Tostrøken G var ikkje noko problem der!
Ebba Hermann Fossli, den dyktige og naturlege leiaren i den gode kornettgruppa, fekk velfortent blom for at ho alltid stiller velvillig opp som gruppeinstruktør. Ho speler også i Rosendal Musikklag.
Eit noko uklart bilde av tre svært klare kjernepersonar. Leiar Monica Hermann overrekte julegåver til Tor Skeie Olsen og Nils Rainer vågen. Nils Rainer hadde også ei flott framføring av “O Come All Ye Faithful”

Tusen takk for ei verkeleg flott stund i Helgheim til alle involverte!!

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland.