Sidan julekonserten i Uskedal kyrkje måtte avlysast, arrangerer Uskedal skulemusikk alternativ utandørs julekonsert ved Strandstova i båthamna. Konserten blir etter same leist som den svært koselege konserten som skulemusikken hadde i båthamna før jul i fjor, Den stemningsfulle lyspyntinga og musikken sette publikum i verkeleg god julestemning. (Sjå bildet.) Det blir det garantert i år og!
Konsertstart er kl.18.

Styret i skulemusikken fortel at det i tillegg til korpset blir musikk framført av mindre grupper og solistar. Musikarane blir plassert inne i Strandstova og eventuelt like framfor. Dermed blir det god plass for publikum på plenen slik at det går fint å halda god avstand, noko som sjølvsagt er svært viktig i desse tider.

Det er flott at skulemusikken steller i stand denne alternative konserten der vi kan halda trygg avstand. Eg trur det er svært viktig for mange å få slike musikkstunder med julemusikk no i førjulstida. Derfor er det kjekt om folk møter opp for å høyre på dei unge, flinke aktørane.

Altså: Søndag kl.18 blir det julestemning i båthamna.

Tekst, skjermdumpar og nett: Thor Inge Døssland